English

Nykjen

Stranda

Kort om turen

Flott tur som passar store og små. På toppen er det fin utsikt mot Strandadalen, fjella Storhornet og Leirvasshornet, samt innover Moldskreddalen. Turen passar både som ein roleg familietur eller treningstur. Det er også mogleg å gå turen på vinteren med truger.

Ruteskildring

Frå merka parkering på Emdalen 15 følger du traktorveg mot nord. Fortsett oppover og forbi eit jorde. Du vil møte ei grind (hugs å lukke denne) på toppen av jordet. Hold mot høgre og fortset på denne traktorvegen forbi to 180 grader-svingar. Etter dette vil du møte bjørkeskog. Her følger du raud merking oppover sti til toppen.

Det kan vere beitedyr på området, ta forhandsreglar, ta med søppel og la dyra gå i fred. 

Tilkomst og parkering

Kjøyr frå Stranda sentrum mot Hellesylt i cirka 15 minutter. Når du kjem til Emdalen, tar du av til høgre og følger Stikk Ut-skilt mot ein gard med to bolighus og fjøs. Adresse er Emdalen 15. Parker her (Vipps). Viss du kjem frå Hellesylt er det 15 minutter å kjøyre mot Stranda, ta av mot venstre når du kjem til Emdalen og følg Stikk Ut-skilt til parkeringa.

Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
491 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
794 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Offentleg transport

Det går an å ta buss frå Stranda eller Hellesylt. Busshaldeplassen er «Fjørstad nord». Det er cirka 200 meter å gå til startpunktet på turen. Sjekk ut appene Fram Transport eller Entur for meir informasjon om rutetider.

Anna

Det er fint å telte eller sove i hengekøye her.

Køyreskildring
Print ut