Dette er ein lett tilgjengeleg og mykje nytta trimtur, der du kjem fort høgt opp via bratt grusveg og ein liten bit rås. På toppen er det sett opp bord der ein har eit flott utsyn over Fiskå, Syltefjorden, Slagnes og mot Stadtlandet. Frå Nupen har ein også gode turmoglegheiter vidare innover fjella.
Frå parkeringen krysser du riksvegen og tek til venstre bortover gangvegen ca 100 meter. Ta til høgre ved blått skilt og følg asfaltert veg mot fjellet. Rund første låve på venstre side og hald fram oppover. Det blir etterkvart grusveg. I skogen deler grusvegen seg i to. Hald till venstre og følg blå pil (Om du går til høgre og følgjer grøn pil kjem du til Vassverket, sjå annan tur). Grusvegen går sikksakk oppover, med dei brattaste bakkane mot slutten. Det siste vesle stykket må du gå på rås.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1,5 |
Grus | 2,5 |
Sti | 1 |