English

Norddalssætra i Austefjorden

Volda

Kort om turen

Turen startar i Geitvika og går opp Norddalen. Returen går via Lisjedalen. Norddalen er vill og vakker, så det er vel verdt å legge turen opp denne dalen! Ein ukjend dal for mange. Det er litt bratt, men ikkje vanskeleg. Tek du returen via Lisjedalen, får du ein fin rundtur.

Ruteskildring

Start på skogsveg og følg denne i om lag ein km. Gå så vidare på sti og snart kjem du til ei bru. Krysse elva og følg stien vidare på andre sida av elva. I 230 m høgde flatar stien litt ut og her bør du ta ein stopp for her er det flott! Elvar kjem fossande ned fjellsidene ned til Geitvikelva som går nede i dalen. Vakkert!
No skal du gå bratt opp gjennom skogen til du møter stien frå Lisjedalen. Ta til venstre, skilta Nordalen. Stien er tydeleg og lett å finne. Følg denne heilt til Norddalssætra. Frå Norddalssætra kan ein nå fleire toppar, m.a. kan ein gå vidare til Storetinden på 1408 moh.
På returen følger du same sti tilbake, følg skilting mot Lisjedalen. Denne ruta er ikkje slett så bratt som ruta opp Norddalen. Du passerer Lisjedalssætra. Herifrå er ruta merka med raude pinnar i trea. Ta gjerne ein stopp ved "Sprengebakken", eit flott utsiktspunkt!
Litt over ein km etter Lisjedalssætra deler stien seg (ca 190 moh - N62° 04.153' E6° 19.574'). Følg den som har raude merke, ned til høgre. Denne fører deg ned til skulen, og herifrå er det om lag 1,2 km å gå tilbake til start.

Tilkomst og parkering

Frå Volda: Køyr E39 retning Stryn. Om lag 1 km etter avkøyringa til Aurstad camping kjem du til Geitvika. Her er det eit asfaltverk på nedsida av vegen og det er god plass til å parkere på venstre side av vegen. Rett fram ser du ein skogsveg med bom. Her startar turen.
Fottur
Blå
Lengde
9,51 km rundtur
Stigning
555 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
566 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,2
Grus 1
Sti 7,31

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut