English

Nonshornet

Fjord

Kort om turen

Ein topptur som ikkje er av dei mest krevjande, men byr på flott utsikt over fjellandskapet ikring og Eidsdalen

Ruteskildring

Turen startar på rasteplassen på Eide, i nordvestenden på Eidsvatnet. Her er det informasjonstavle som fortel meir om turmoglegheitene i området og her er ope toalett i sommarhalvåret. Turen går langs med vestsida av vatnet dei fyrste par hundre metrane, men så svingar han krapt oppover mot vest, og ved den øvste hytta går du over ei lita elv. Steinklopp over elva. Vidare oppover på god rås, bratt opp til Eidsheia. Sjå skildring av turruta "Eidsheia". Det tar omlag ein time å gå opp til turposten her som ligg 862 moh.

Frå turposten følgjer du råsa vidare oppover, opp ei lita krapp stigning og kring hundre meter til, før du ser eit skilt på ein gammal telefonstolpe: Pila med "Nonshornet" peikar mot nord, over ei elv, og så startar stigninga mot sjølve toppen. Ruta er merka, men råsa kjem og forsvinn, og er borte over lange etappar. Fyrst når du kjem ut mot toppryggen, aust for toppen, vert ho tydeleg og ledar deg opp til dagens turmål. Med manglande rås, er det desto viktigare å følgje merkinga. Normalt er dette ein grei tur, men vert det dårleg vêr, kan ein fort rote seg vekk. På toppen og øvst på toppegga bør ein vere merksam å bratte stup ned mot Sledalen på nordsida. 

Tilkomst og parkering

Køyr fv.63 frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Parkeringsplassen ved Eidsvatnet finn du etter 10 km køyring. Plassen ligg i nordvestenden av Eidsvatnet, like før Eide bru.
Fottur
Rød
Lengde
3,27 km en vei
Stigning
917 m
Tidsbruk
2,5 t. opp
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1344 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,9
Ingen sti 0,3

Offentleg transport

Det er mogleg å ta buss frå Eidsdal sentrum opp til Eide, men det er få avgangar å velje i. Sjekk ev. https://frammr.no/

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut