English

Nonshaugen frå Rellingsætra

Fjord

Kort om turen

Turen til Nonshaugen passar fint både som ein treningstur på ettermiddag/kveld og som ein søndagstur med familien. Bra stigning opp forbi skihytta på Rellingsetra. Deretter litt mindre stigning. Turen gir flott utsikt i fleire retningar. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Rellingsetra går du først over setrevollen og passerer mellom dei øvste sela på stølen før du føl ein setreveg/traktorveg eit kort stykke. Du får auge på skihytta oppe på selhaugen, og ved ei lita elv svingar du så til venstre oppover i den gamle slalombakken. Råsa er merka med raude V-ar vidare.

Etter slalombakken vil råsa flate litt ut, før den igjen blir brattare opp mot Kvithaugen. Her er det bjørkeskog og delvis myr eit kort stykke. Du går vidare over tregrensa i dalen mellom Nonshaugen og Middagshesten. I denne dalen kjem du til eit skilt som peikar mot Nonshaugen. Føl dei raude V-ane herifrå; over elva, og vidare opp den siste bakken. Ikkje trakka sti det siste stykket. På Nonshaugen vil du finne posten ved ein liten knaus, med eit elles lett myrlendt terreng omkring. Utsikt mot Norddalsfjorden og utover Storfjorden.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først mot Norddal, ca. 5 km. Ved Nærbutikken tek du til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2 km før du tek til høgre over ei bru. Vegen går vidare oppover til Hatlestad, etter den gamle prestegarden. Du passerer Dyrdalsfossen på vegen. På Hatlestad køyrer du over parkeringsplassen, betaler bomavgift og held fram på den private grusvegen fram til Rellingsetra, i om lag 3 km. Der er avgrensa med plassar til bilar, så køyr gjerne fleire saman, om mogleg. 

Fottur
Blå
Lengde
1,98 km en vei
Stigning
419 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
967 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,8
Ingen sti 0,2

Offentleg transport

Det er normalt ikkje tilgang til offentleg transport. Buss til og frå Hatlestad i skuleåret.

Anna

Skihytta på Rellingsetra er eit levande kulturminne sidan dette delvis er eit gamalt hus som vart flytta frå bygda og opp til setra, og teke i bruk som samlingspunkt for ski- og friluftsinteresserte på 50-talet. Er eit mykje brukt samlingspunkt også i dag, spesielt vinterstid. Ved skihytta på Rellingsetra finn du ein enkel utedo. Skihytta kan også leigast for overnatting. Ta kontakt med Norddal IL, t.d. gjennom facebooksida. Rellingsetra er eit godt utgangspunkt for mange fine turar.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant betaling
Køyreskildring
Print ut