English

Nøta

Vestnes

Kort om turen

Lett tilgjengeleg turmål inst i Vågen. Turen kan du gå både frå Brudeskar og frå Vågshalsen.

Stien har ei jamn stigning, bratt på toppen. Ver obs på det loddrette stupet på toppen av Nøta!

Flott turmål i solnedgang, og turen går i eit rikt fugle- og dyreområde.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Våge, følg grusveien inn til Brudskar til den store furua med postkasse på. Her går turen vidare oppover merka traktorveg til toppen av Brudskar, og vidare på merka sti opp til toppen. Om du vil ha ein rundtur kan du gå ned frå Nøta til Vågshalsen, og så følgje fylkesvegen tilbake til parkeringsplassen ved Våge.

Alternativt kan du gå frå Vågshalsen, her følgjer du merka sti over Nøta til Brudeskar.

Viss nokon vil gå ein lengre tur, kan ein gå frå Glamoxbygget og etter grusveg langs Vågen til Brudeskar ca 2 km (sjå turskildring Brudeskaret, Vågstranda).

Tilkomst og parkering

Ta av frå E136 ved Vågstrandstunellen og følg Farkvamsvegen ca. 200m til første vegskille og parker der langs vegen «Turparkering P»

Velgjer du turstart ved Vågshalsen, køyrer du vidare til Vågshalsen P.

Fottur
Blå
Lengde
3,77 km rundtur
Stigning
210 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
199 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut