English

Nøringset - ved sjøen

Sula

Kort om turen

Kort og fin tur i lettgått terreng. Solrikt, og der våren kommer først på Sula, med blant annet store belter med kusymre.

Ruteskildring

Følg den mosegrodde kjerrevegen etter brua over Storelva. Etter ca 100 meter deler denne seg og du skal holde til venstre og fortsette på fin kjerreveg med flotte mosegrodde steinar etter gamle ras og tomtegrenser. Når du kjem til ein gamal gard følgjer du stien bak huset og ned til venstre (NB! Ha respekt for privat grunn!). Stien fortsetter inn i eit naturreservat. Ta av stien rett før brua du kjem til og følg merking ned til sjøen. Hugs at du no er på sørsida og at du på ein solrik dag kan møte på hoggorm. Ta på deg gode sko. Det er og mykje flått i området så sjekk alltid kroppen etter ein tur.

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet er frå P-plassen ved enden av Nøringsetvegen – så langt du kjem med bil på sørsida av Sula. Ta av frå Sulavegen på bakketoppen før fergekaia Sulasund-Hareid, og følg Nøringsetvegen til ende, ca 4 km. P-plass på Nøringset. Ver merksam på at det er svært smal veg med få møteplasser langs Nøringsetvegen. Vis derfor ekstra varsemd når du køyrer denne strekninga. Eit alternativ er å parkere på stor parkeringsplass ved ferjekaia og ta spaserturen langs Nøringsetvegen fram til turmålet.
Fottur
Grønn
Lengde
1 km tur/retur
Stigning
30 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
63 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut