English

Nihusen frå Ytre Skodje

Ålesund

Kort om turen

Turen til Nihusen har jamn stigning som varierer mellom skogsveg og god sti. Den siste etappen opp mot toppen er brattare og delvis på berg. Tydeleg topp med god utsikt over store område.

Ruteskildring

Ved stistart i Ole Andreas - Gjerdet går stien til venstre opp skogen. Følg sti/skogsveg oppover til du møter ein skogsveg som kjem frå Skodjereitane. Ta til venstre her. Når det etterkvart flatar litt ut, tek du til venstre over på tydeleg sti. Denne skal du følgje til du møter ein ny skogsveg. Her går du til høgre og følgjer den oppover bakkane. Du passerer ein benk på venstre side. Like etter denne tek du av til venstre over eit lite berg. Herifrå er det tydeleg sti til toppen. Den siste biten er brattare og går delvis på berg. Ver obs på is om vinteren. Alle stidele er tydeleg merka.

Tilkomst og parkering

Parker ved Skodje tenestehus og gå langs asfalten opp Nihusvegen før du svingar inn til Ole Andreas - Gjerdet der stien startar opp skogen til venstre.

Fottur
Blå
Lengde
2,02 km en vei
Stigning
352 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
438 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,4

Offentleg transport

Buss til Skodje sentrum

Kart

Ålesund
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON