English

Nihusen frå Stette

Ålesund

Kort om turen

Fin tur på skogsveg før vegen går over i sti den siste delen gjennom skogen og fram mot topppunktet. Fin utsikt både mot Engesetdalen og til Skodjesida og Sunnmørsfjella.

Ruteskildring

Følg skogsvegen frå parkeringa opp gjennom variert skogsterreng. Det går tidvis ganske bratt oppover før skogsvegen innimellom går i flatare område før det stig igjen. Skogen er ikkje så tett her slik at du har litt utsikt også på tur opp. Vegen går over i tydeleg sti før du kjem opp på ryggen av Stettefjellet og følgjer den slakt innover mot toppen av Nihusen. Den siste kilometeren er spesielt fin for du går slik at du har utsikt også over til Engsetdalen.

Tilkomst og parkering

Parker på utsida av Stettetunellen. Ta av til venstre like etter tunellen når du kjem frå Skodje i retning Stette. Ver forsiktig her, krysset kjem brått på for dei som kjem bak deg. Det beste er å svinge av når du kjem frå Stette-sida. Køyr forsiktig langs skilta sykkelveg mot Skodje. Parkeringa kjem ganske fort til venstre ved vegen.
Fottur
Blå
Lengde
3,40 km en vei
Stigning
404 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
433 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,8

Offentleg transport

Buss mellom Skodje og Stette.

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut