Variert tur med god utsikt i alle retningar frå toppen.
Start turen på sti som går til venstre langs marka før den ganske snart tek av opp til høgre på skogsveg gjennom skogen. Følg denne skogsvegen eit godt stykke oppover bakkane til det opnar seg litt opp og du tek til venstre over på god sti. Her vil du etterkvart kome opp på ein ny skogsveg som du følgjer oppover bakkane. I ein sving på skogsvegen står det ein kvilebenk på venstre side. Like etter denne skal du ta av vegen over eit lite berg til venstre for vegen. Følg denne stien heilt til toppen. Her varierer stien på skogsbotn, på berg og stein. Den siste etappen er brattare enn resten av turen. Ver obs på is viss du går her på vinteren. Tydeleg topp-punkt med god utsikt til alle kantar.
Parker ved lunningsplassen ved stistart. Vis omsyn og parker slik at det ikkje hindrar arbeid på plassen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,8 |