English

Nes på Trandal

Ørsta

Kort om turen

Trandal er ei roleg og sjarmerande grend midt blant ville fjell i Hjørundfjorden. Hit kjem du berre med ferje eller båt. Turen er perfekt for barnefamilie med berre litt stigning i starten, og er elles ein flat tur på grusveg utover langs Hjørundfjorden. 

Ruteskildring

Ta ferja frå Sæbø, Standal (nærast) eller Lekneset. Frå ferjekaia på Trandal går du oppover kommunevegen til du møter ei bru i krysset ved tredje krappsvingen. Her tek du til venstre over brua, og følgjer Trandalvegen på Ytre Trandal eit par hundre meter til første krappsving. Ta her til venstre/følg rett fram, istadenfor å gå oppover i bygda. Så følgjer du denne graskledde grusvegen utover fjorden til Uraneset. Her er Stikk UT posten på ein stolpe på oppsida av vegen ved pauseplassen/benken. . Magisk og fjordnær utsikt! Same veg tilbake, eller du kan utvide turen i motsett retning med besøk til unike Christian Gard Bygdetun!

Tilkomst og parkering

Du må ta ferje eller båt til Trandal, og på Trandal treng du ikkje bil. Du kan derfor parkere på ferjeleiet enten på Sæbø eller Lekneset eller Standal. Standal har kortast overfartstid til Trandal. I mai, september og oktober går ferja til Trandal på signal, det vil seie at du må gi beskjed til ferja minst 1 1 time før avgang at du skal ta den. Sjå tider i ferjerute 16: Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store_Kalvøy: https://frammr.no/FRAM/Rutetabellar/Ferje Fylkeskommunen har stadfesta at i juni, juli og august så er det dei same rutetidene, og at ferja til Trandal er ordinær tur sommarmånadane.
Fottur
Grønn
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
51 m
Tidsbruk
1 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
54 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,7

Offentleg transport

Ja, buss til ferjeleie Sæbø, Leknes eller Standal. Vidare ferje på signal i mai, september og oktober. Ordinær ferjerute sommarmånadane. https://frammr.no/ezflow_mrfylke/view/1241568/16+Standal-Trandal-S%C3%A6b%C3%B8-Sk%C3%A5r-Valder%C3%B8ya-Store+Kalv%C3%B8y+06.01.22-31.05.22+og+01.09.22-31.12.22.pdf

Anna

Utvid gjerne gåturen etterpå den andre vegen til Christian Gard Bygdetun, ein unik stad med servering, overnatting og gjestfritt vertskap - og den verdskjende reia/huska i tuntreet!
Køyreskildring
Print ut