Vegen oppover mot Skeisnebba hyttefelt i Surnadal er populær til kvardagstrim. I nedre del av Skeisnebba står ein turkasse i fin gangavstand frå mange heimar i Nedre Surnadal. Herifrå har ein flott utsikt over Eidet med mellom anna Kavlvegen kultursti på myra nedanfor.
Frå parkeringa følgjer du Skeisnebbvegen oppover. Det er ca. 3,3 km opp til enden av vegen, så her kan lengda på turen tilpassast form og startpunkt. Frå desember 2022 ligg det to Stikk UT! vinterfotturpostar oppi vegen. Den første, Nedre Skeisnebba, finn du på nersida av vegen etter å ha gått ca. 1,2 km. Den øvste ligg 2,5 km frå startpunktet, på øversida av vegen.
Frå krysset mellom riksveg 65 og 670 ved Skei køyrer du ca. 2,5 km etter riksveg 670 i retning Kvanne. Her startar Skeisnebbvegen på venstre side av vegen, og her svingar du inn og parkerer. Parker ved lunningsplassen nede ved vegen viss det er muleg. Viss du må parkere lenger opp, er det viktig at du tek omsyn og ikkje hindrar nødvendig trafikk til hytterenovasjonsanlegget eller høgdebassenget. Større køyrety må ha plass til både å koma seg fram og å snu her.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 2,45 |