English

Nausen

Volda

Kort om turen

Turen til Nausen er ein fin trimtur, eller ein roleg og enkel familietur.

Ruteskildring

Ein tek ferga frå Volda til Folkestad eller Lauvstad og køyrer helit inn i Dalsfjordentil Åmelfoten. Der tek du av fram mot Åmelfotdalen ca 1.5 km før ein tek av opp fjellvegen mot toppen som heiter Nibbekloven. Der parkerar ein bilen.Derifrå går ein mot sør slik skiltet merka "Nausen" viser i godt opptrakka sti. Når ein kjem til eit vatn kalla "trollvatnet" tek ein slakt mot venstre over ei lite myr før einetter ein liten knaus tek til høgre og følger merkinga rett fram igjen før ein igjen svingar slakt mot venstre og følger ryggen heilt mot målet. Det er tørt og fint å gå med litt berg på slutten og nydeleg utsikt ut Dalsfjorden. Når du kjem til målet vil du sjå eit flymerke som står planta i berget. Turen tek omlag ein time kvar veg. På slutten av turen er det å anbefale å halde litt til høgre då det er eit veldig bratt parti på omlag 3 meter der råsa går. Det er eit juv rett under så ein må gå varsomt eller ahlde seg litt inne på marka. God tur!

Tilkomst og parkering

Det er ingen bompengar eller parkeringsavgift. Vegen opp mot Nibbekloven er bratt, so det er anbefalt å kjøre roleg, gjerne i første gear.

Fottur
Grønn
Lengde
0,68 km en vei
Stigning
81 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
665 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket

Offentleg transport

Nei
Print ut