English

Nausane ved Helgehornsvatnet - frå Almklovdalen

Vanylven

Kort om turen

Turen opp på Nausane ved Helgehornsvatnet frå Hellebust er ein flott tur opp til naturreservatet. Turen har jamn stigning. Den går på fin traktorveg nesten heilt fram til vatnet. Når du er ferdig med stigninga er det ein liten avstikkar frå traktorvegen og ned til posten. Det kan virkelig anbefalast å ta turen bort på andre "kollen" å sjå på ekologitforekomsten. 

Det er viktig å presisere at dette er eit naturreservat og det er ikkje lov å pirke laus og plukke med seg ekologit eller andre forekomstar! 

Tidleg på våren kan det ligge noko snø på delar av traktorvegen. 

Ruteskildring

Helgehornsvatnet er eit lite fjellvatn som ligg mellom Almklovdalen og Sunndalen.Vatnet er langstrakt og ligg 333 meter over havet. Namnet har vatnet fått av fjellet Helgehornet (514 moh) som ligg nokre hundre meter nord for vatnet. 

Turen startar med parkering på samfunnshuset og går på asfaltert veg fram til du har kryssa brua. Her tek du til høgre og følgjer skilting langs elva til venstre for oppkøyrselen til privat tun. Turen frå Hellebust har fin traktorveg nesten heilt fram til vatnet. Ein kjem opp i austenden av vatnet der det finst eklogitt og den vakre granatperdidotten i ein større dunittmasse. Dette området er i dag naturvernområde.

Turen kan også kombinerast med ein rundtur rundt vatnet, sjå turbeskrivelse https://morotur.no/tur/Helgehornsvatnet-rute-78

 

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her tek du til venstre og forset oppover i dalen. Når du kjem opp til Hellebust parkerer du ved grendahuset/"skulen" til venstre. Parkeringa er godt merka. Gå til høgre i krysset og over brua, her følger du skilting til høgre.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
246 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
360 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut