English

Nakkebruna - dagsturhytta på Grodås

Volda

Kort om turen

Familievennleg tur til dagsturhytta på Grodås. Stistarten er merka frå Ytrehornsvegen. Opp gjennom skogen har stien jamn stigning og er litt bratt. Dagsturhytta ligg over fjellhammaren "Nakkebruna" som også har gitt namn til hytta. Hytta har flott utsyn over Grodås og Hornindalsvatnet

Ruteskildring

Turen er skildra frå parkeringa til Hornindal skule.  Frå parkeringa går du vestover mot elva og over gangbrua. Når du kjem til det første vegkrysset tek du til venstre og går først langs Grendavegen og så i neste kryss til høgre oppover Ytrehornsvegen. Du må ikkje ta snarvegen gjennom privat tunveg. Når du kjem til punktet der stien startar er denne merka. Stien er også ein del av Hornindal rundt løypa og er merka med malte kvite merke undervegs. I skogen har stien jamn stigning og er litt bratt.

Når du kjem opp til dagsturhytta vert du løna med fantastisk utsyn over Grodås og Hornindal. Dagsturhytta har svært gjennomtenkt utforming med sitteplassar ute, eit lite utvendig tak/huk på kvar side gir ly om det regnar litt. Inne er det eit lite utlånsbibliotek og benkar med sitteputer. Dagsturhytta har stor panoramaglasvegg med flott utsyn og ein liten hems til kos og lesing. Ute er det opparbeida platting og fleire sittegrupper.

Stien frå dagsturhytta går vidare opp til Ytrehornsætra som også har flott utsyn. Der står ein bauta og ei restaurert "Vetestove" som er open. Er du sprek og har tid kan du gå vidare til Storhornet eller fortsette rundt på Hornindalen rundt løypa.

Går du berre litt vidare frå dagsturhytta kan du stoppe og utforske Kalsedonbrottet frå steinalder/bronsealder eit kort stykke nord for stien. Sjå kartet for meir informasjon om Kalsedonbrottet. 

Tilkomst og parkering

Utanom skuletid og når det ikkje er arrangement ved stadion kan du nytte parkeringsplassen ved skulen. Elles bør du parkere i sentrum av Grodås. Parkerer du i sentrum følgjer ein Ytrehornsvegen nordover fram til der stien startar.
Fottur
Grønn
Lengde
1,35 km en vei
Stigning
140 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
200 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,4
Sti 1,4

Offentleg transport

Buss til og frå Grodås sentrum. http://www.frammr.no

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut