English

Nærtur Syvde - Sarpen

Vanylven

Kort om turen

Lett rusletur gjennom kulturlandskap til elvegjølet Sarpen. Store delar av turen er på gangveg eller svært lite traffikert veg. Vinteren 22-23 er det registreringspost for Stikk UT - vinterfottur ved brua over Kvitla

Ruteskildring

300 meter etter kyrkja i retning mot Volda er det skilta mot Nordal. Gå mot Nordalen, og ta av til venstre over ei bru i kryss nummer to etter at du tok av frå riksvegen ved sjøen. Rett etter brua tek du av til høgre og går relativt parallellt med elva framover i retning Nordalen. På enden av vegen blir det eit kort parti med sti. Stien går over i veg etter ei kort stund, og då er ein framme ved brua over Sarpen. Sarpen er eit elvegjel som elva har gravd ut frå slutten av istida for 10 -12 000 år sidan og fram til i dag. Spesielt flott er det ved stor vassføring. Legg og merke til kvernhusmurane på nedsida av brua.

Tilkomst og parkering

Rutebeskrivinga tek utgangspunkt frå Syvde kyrkje. Vanlegvis vil ein finne plass til å parkere også nærare Sarpen.

Fottur
Grønn
Lengde
4,24 km rundtur
Stigning
70 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
58 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4
Grus 0,2
Køyreskildring
Print ut