English

Nærtur Syvde - Reset

Vanylven

Kort om turen

Fin trimtur på grus og asfalt frå sentrum av Syvde og opp til Reset på enden av skogsbilvegen i Vik. Turen kan gåast heile året, men ikkje gå ruta over dyrka mark i vekstsesongen frå mai til september. Vinteren 20-21 er det Stikk UT vinter post på høgste punktet på turen.

Ruteskildring

Frå COOP-butikken har ein to alternativ. Det raskaste alternativet som ein ikkje skal gå i vekstsesongen er opp på nedsida av Myklebust skule, forbi eit byggefelt, over ei dyrka mark og deretter i overkant av neste dyrka mark. Der blir marka etter kvart til veg som ein kan følge heilt opp til skogsbilvegen. Reset finn ein heilt på enden av vegen. Altenativt kan ein gå forbi Syvde kyrkje. 300 meter etter kyrkja er det skilta mot Nordal. Gå mot Nordalen, og 10 meter før ein kjem inn i 80 sona tek ein til høgre opp ein skogsbilveg. Sjå elles bileta og kartet for meir info.

Tilkomst og parkering

Ruta nedanfor tek utgangspunkt i parkering ved COOP-butikken i Syvde. Det er og andre stadar nærare målet ein kan parkere
Fottur
Grønn
Lengde
4,12 km rundtur
Stigning
144 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
138 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,5
Grus 2,5
Køyreskildring
Print ut