English

Nærtur Syvde - Årøyane

Vanylven

Kort om turen

Lett familietur på asfalt og grus i kulturlandskapet på Myklebust i Syvde. Vinteren 22/23 er det StikkUt-vinterfottur post på hengebrua over Oselva

Ruteskildring

Turen startar ved biblioteket i Syvde og går deretter på asfaltert gang og sykkelveg langs riksvegen til brua ved Oselva. Der tek ein av til venstre og går først nær elva. Ein følgjer grusvegen heilt til ein kjem til eit vegkryss som ikkje går inn til eit bustadhus. I krysset tek ein av til høgre og går i retning Saurdalsvatnet. Framme ved vatnet går ein langs elva oppover til vegen mellom Saurdalen og Syvde. Derifrå kan ein anten følgje asfaltert veg tilbake til utgangspunktet, eller gå Bakkevegen. Bakkevegen er den gamle vegen der alle har hevd på å gå. Denne vegen (stien) ligg på marin grense like nedanfor der sjøen stod rett etter istida.

Tilkomst og parkering

God plass til parkering på parkeringsplassen på sørsida av biblioteket i Syvde. Parkeringsplassen ligg rett over vegen for COOP-butikken. Denne parkeringsplassen er også eit godt utgangspunkt for andre nærturar i Syvde. Turen går gjennom kulturlandskap på elvesletta på Myklebust

Fottur
Grønn
Lengde
4,26 km rundtur
Stigning
60 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
46 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Grus 3
Sti 0,3
Køyreskildring
Print ut