English

Nærtur Rovde - Åsevegen

Vanylven

Kort om turen

Turen rundt Åsevegen har jamn stigning og går mykje på asfaltert veg. Den passar veldig godt som ein luftetur på ettermiddag. Når du kjem opp i høgda får du god utsikt heilt ut mot Åramsundet. Turen er lagt opp som delvis rundtur, der du går nyevegen opp og gamlevegen, som er utan trafikk, tilbake. Dei første 350 meterane etter Stikk UT! koda går du tilbake samme veg som du kom på nyevegen, før du tek til høgre og kjem inn på gamlevegen. 

Ruteskildring

Frå parkeringa på Coop Marked går du opp til fotballbana og over fotballbana og inn på asfaltert gangveg. Når du kjem til Åsevegen tek du til venstre oppover. Ofte vert nyevegen nytta på tur opp og gamlevegen ned igjen. Stikk UT! posten finn du på ein stolpe ved nyevegen, plassert mellom eit postkassestativ og ein vårfjøs. Returen går dei første 350 meter tilbake same veg som du kom opp på nyevegen, før du tek til høgre og kjem inn på gamlevegen.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Rovde sentrum. Du kan parkere anten ved Coop Marked som ligg langs fylkesvei 652 eller oppe ved fotballbana på Rovde som ligg like ovanfor, då tek du av opp Skulevegen.
Fottur
Grønn
Lengde
2,83 km rundtur
Stigning
0 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut