English

Murvika og Skodjevika rundt

Ålesund

Kort om turen

Flott padletur rundt Skodjevika som har mykje skjerma farvatn med fleire øyer og flotte stader å eventuelt gå i land.

Ruteskildring

Frå badeplassen i Murvika padler ein rundt Skodjevika. Dette er relativt skjerma farvatn med mange flotte stader å gå land om ein vil ha seg ei pause. Det er også fleire øyer og holmar i området. Det er sterk tidevasstraum ved Straumen ved Skodjebruene. Og vind frå vestlig retning kan også gjere sjøen uroleg i dette området. Det er difor lurt å padle turen mot klokka slik at ein tek denne mest utsette kryssinga på turen først og dermed berre har skjerma farvatn til resten av turen.

Tilkomst og parkering

Køyr til Skodje sentrum. Kjem du frå Skodjebruene køyrer du forbi Gomerhuset og skulane og følgjer skilting til Murvika. Ein køyrer Nedreskodjevegen og vidare på grusveg på Murvikvegen. Det er skilta gjennomkøyring forbudt på Nedreskodjevegen, men det gjeld ikkje traffikk til badeplassen i Murvika! Det er stor tilrettelagt parkeringsplass ved Murvika friluftsområde
Padletur
Blå
Lengde
13,49 km rundtur
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Skodjevika er generelt skjerma farvatn. OBS punkt i forhold til tidevasstraum ved Straumen ved Skodjebruene og Apalvika

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut