English

Mulneset

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein koseleg skogstur som fører deg fram til Mulneset, rett overfor ferjeleiet på Kvanne. Her er det nærheita til sjøen, meir enn høgdemetrane, som gjer dette til eit utsiktspunkt det er verdt å besøkje. 

Ruteskildring

Frå parkeringa går du tilbake i retninga du kom ifrå. Gå rett fram i første kryss og fortsett etter vegen som heiter «Søysetøran». Denne vegen følgjer du i 2-300 meter før du tek inn på ein sti på venstre side av vegen. Denne fører deg til Mulneset. Gå tilbake same veg.

Tilkomst og parkering

Startpunktet for denne turen er Søyabanen på Søyset ved Kvanne. For å koma dit må du ta av frå Fylkesveg 670 ca. 900 m frå ferjeleiet på Kvanne. Sving inn på Søysetvegen på nersida av vegen og kryss elva Søya. Etter ca. 250 meter svingar du til venstre inn på Søyavegen. Køyr i retning klubbhuset til i.l. Søya og parker ved skilta parkering.

Fottur
Grønn
Lengde
1,82 km en vei
Stigning
108 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
93 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Grus 0,8
Sti 2,4

Offentleg transport

Det går bussar forbi like ved startpunktet, men det kan bli ei utfordring å få avgangane til å passe med ein såpass kort tur.
Køyreskildring
Print ut