Muletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser du ut mot Svinøya, mot sør ser du Skorpa, mot søraust ser du dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser du Runde.
Turen startar på høgste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Stien går nordvestover i lett terreng mot toppen, der er tillaga med raste/kvileplassar fleire stader langs råsa. Når du er komen nesten halvvegs mot toppen kjem du inn på den gamle torvvegen som gjekk frå Kvalsvika til Mulefjellet.
På toppen står ein restaurert torvskjå og på vegen opp er fleire plassar der det er restar etter gamle torvskjåer og plassar der det har vore spadt torv.
På returen er det mogleg å gå ned over Barmen eller gå torvvegen og i begge tilfella kome ned i Kvalsvika. Det kan også vere fint å avslutte turen med å ta seg eit bad på den flotte sandstranda i Mulevika.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,7 |