English

Muletua, Barmen og Børa, frå gamle Kvalsvik skule

Herøy

Kort om turen

Denne turen kan du gå begge veier, vurder gjerne etter sol og vindforhold. Turen går i åpent landskap, og har gode tydelige råser. Råsene har moderat stigning på torvjord. Det vil sei at det kan vere våte parti, spesielt på våren. Men joggesko/fjellsko går heilt fint. Nå er du langt ute i havegapet og veret kjem tett på kroppen. Kle etter forholda.

Ruteskildring

Gå fra parkeringa oppover vegen og ta av til høgre. Gå ca 100 m (sjå pil på bilde) og ta av til venstre. Følg vegen opp til gardstun. Her sluttar vegen ved ein privat parkeringsplass, og du følger grusveg oppover ca 100 m. Grusvegen sluttar og du tek av mot venstre, ved skilt som viser Muletua. Følg rås over jorde, og gå gjennom nokre grinder. Sau i området, så husk å lukke grindene. Omtrent heile turen går du på torvgrunn og fjellgrunn. Det kan tidvis vere litt vått. Men råsa er god og synleg.  Det er sittebenk ved Stigenden, og her er det fint å stoppe opp og nyte utsikta over Mulevika og Skorpa (Øya utenfor Mulevika) Følg brei og god rås som er skilta opp til Muletua. Om du ser deg rundt kan du sjå mange skilt med navngitte "Skjåer" I gamle tider fikk grunneigarane tildelt områder der dei kunne spa ut tord til brensel. Usikker på kor mange skilta som står no, men du klarer nok sjå iallefall 8-10 skilt rundt om på flata. Torva blei kjørt med hest og vogn ned den steinoppbygde råsa som du kom frå før du kom til skiltet Stigenden. Oppe på Muletua kan ein berre nyte å leve og ta inn kor heldige du er som faktisk har kropp som kan ta deg med hit ut i havgapet :) Du går så ned igjen stien til flata der det er skilta vidare mot Barmen som er den første toppen du møter. Følg kvite pinner vidare langs fjellryggen, ned langs gjerde og opp igjen til neste topp som er Børa. Innimellom møter du på gjerder som må kryssast, og her er det viktig å ha respekt og gå over gjerdene der det er laga til overgangar.(Dei held på å ordne med grinder) På Børa er det flott å ta seg ei pause i "håla". Om det bles den dagen, er det fint å sette seg ned i "håla" som er like ved. Her er det åpent, så du ser det lett. Følg rås vidare ned i dalen til flata der det er merka skilt mot Børa og Okla. Her tar du av mot høgre og følger rås ned til mark og gardstun og ned til bilen. Ikkje spesiellt krevande tur, men fjellet har nokre bratte utfor parti, og her er det gode trygge gjerder som sikring.

Tilkomst og parkering

Frå Fosnavåg sentrum, kjører du mot Nerlandsøy og over brua. Følg vegen og ta av til høgre der det er skilta mot Kvalsvik 5 km. Følg hovedvegen i Kvalsvika og kjør litt oppover til du kjem til gamle Kvalsvik skule Her er det merka med P Turparkering. Her finn du turkart, og turen starter her. Ikkje ein spesiell krevande tur, for det meste i slakk stigning. Nokre palssar kjem du nær bratt fjellparti, men her det det gode gjerder som sikrar at ingen kan dette utfor ved sterk vind.
Fottur
Blå
Lengde
7,52 km rundtur
Stigning
405 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
277 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Sti 7
Køyreskildring
Print ut