English

Muldsvorhornet

Volda

Kort om turen

Muldsvorhornet er ein fin tur som først går gjennom flott furuskog og så vidare i ope lende. Det er ein forholdsvis snill topptur med flott utsikt på toppen og fin nedkøyring

Ruteskildring

Frå turstart går du over ei slette og mot furuskogen. Finn deg ei rute opp gjennom skogen, kanskje har nokon gått her før deg. Hald deg nedanfor kollane i 600 m høgde og ta til høgre nedanfor desse. Fortsett mot elva og ei bru. Kryss elva og fortsett opp gjennom bjørkeskogen langs elva. Du finn di eiga rute vidare mot toppen, ein litt rund topp oppe til høgre.

Ned att kan du svinge deg ned att same rute.

Tilkomst og parkering

Like vest for Grodås sentrum tek du av til Stranda og Sykkylven på FV60. Turen startar like etter grensa til Stranda og før avkøyring til Røyrhus. Du må parkere langs hovudvegen så ver varsam.
Skitur
Rød Fjell
Lengde
8,88 km tur/retur
Stigning
577 m
Tidsbruk
2t 30 min
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
943 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

frammr.no - Buss mellom Grodås og Stranda

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut