English

Molladalen

Ørsta

Kort om turen

Molladalen må vere ein av Noregs vakraste dalar. Tek du turen ein klarvèrsdag vil du nok aldri gløyme synet som møter deg når du kjem opp til Storevatnet. Ved siste høgda før vatnet deler stien seg i to. Begge stiane går til vatnet. Stikk UT-posten er plassert på haugen før vatnet.

Ruteskildring

Turen startar fra Melbøsætra ca. 230 høydemeter over Vartdalsfjorden. Frå parkeringa tek du stien til venstre der det er skilta mot Molladalen. Tydeleg, men delvis grov sti med ein del stein og røtter. Du må også krysse enkelte våte parti med myr. Kort tid etter starten på turen må du også krysse Oksegylelva. Til tross for at det er bygd ei bro her, er det ved høg vassføring ikkje sikkert du kjem tørrskodd over. Følg stien vidare gjennom skogen og etter kvart litt brattare opp til Ædhaugen. Her flatar det det ut over nokre myrar, før det igjen blir brattere opp langs Molladalselva. Når du kjem over tregrensa er det i dag etablert ein ny trassè over ein haug til venstre for gamal sti. Følg merking. Etter dette flater terrenget litt ut. Her er det også lett å komme ned til elva for å fylle drikkeflaska. Neste høgdedrag deler stien seg i to. Stien rett fram over siste haug er teikna inn på kartet. Denne siste kneika opp mot Storevatnet er noko gjørmete, men utsikta som møter deg når du kjem opp er verdt svetten og dei våte skoa. Stikk Ut-posten ligg ved ein stor stein på haugen før vatnet.

Tilkomst og parkering

Frå E39 ved butikken i Barstadvik, tek du av opp til Barstaddalen (sørover) på Barstadvegen. Følg denne rett fram til du kjem til ei bru. Her køyrer du over brua til venstre og fortsetter vidare forbi to gardsbruk på venstre side. Stopp for å betale bompengar, og fortsett videre rett fram til enden av vegen.Melbøensætreveg er privat og ein køyrer på eige ansvar. Du kan betale bompengar med vipps eller kontantar.

Fottur
Blå
Lengde
3,42 km en vei
Stigning
657 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
794 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Offentleg transport

Fram-ekspressen nr 101 som går mellom Volda og Kristiansund stoppar ved butikken.

Betalingsmiddel for bomvei

Du kan betale med vipps på bomveg til Barstadsætra eller Melbøsætra
Køyreskildring
Print ut