English

Moldeneset frå Kverve

Ålesund

Kort om turen

Fin gå- eller treningstur i langs grusa veg med lite stigning som passar dei fleste. Ved Moldeneset er det fin utsikt utover mot Valderøy og Vigra.

Ruteskildring

Frå parkeringa går ein mot busskura og forbi dei. Då kjem ein til ein gangveg, følg den og gå første til høgre. Ved neste vegskille tek ein til venstre og går vestover. Når ein har gått vestover eit stykke vil vegen dele seg i ein V. Hald til høgre her. Vegen vil etterkvart dele seg i ein grusa veg som går ned mot sjøen og ein veg som er meir tilgrodd. Gå ned mot sjøen og du er ved målet.

Om du vil gå vidare heilt fram til sjølve Moldeneset, gå vidare på vegen som er meir tilgrodd og ta sti ned mot sjøen når den kjem.

Tilkomst og parkering

Parkering ved busstoppet på Kverve.

Fottur
Grønn
Lengde
1,15 km en vei
Stigning
24 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
20 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,15

Offentleg transport

Det er busstop på Kverve med gode samband både mot Ålesund og innover Ellingsøya. Sjekk https://frammr.no/ for rutetider. Dei har også ein app.

Anna

Området vart utbygd med ulike bunkersar og hus under krigen. Ein kan finne igjen desse i terrenget om ein leitar litt.

Køyreskildring
Print ut