English

Mørkevatnet Moltustranda

Herøy

Kort om turen

Turen til Mørkevatnet på Moltustranda har svak stigning, og er kort. Den passar for alle og er på grusveg som er framkomeleg med barnevogn. Undervegs på turen er det mogleg stikke innom Lese- og kvilehytta på Moltufjellet. 

Ruteskildring

Køyr til Moltustranda i Herøy kommune og følg Fv 10 til Coop Moltustranda. Ta av til venstre og følg Nygjerdevegen vidare oppover bygda og vidare til fjellet. Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering, følgjer du vegen oppover og innover dalen. Det er asfalt første hundre metrane, så går turen vidare på grusveg. Her er det brøyta veg fram mot krysset like før Klovsteinen og vegen går vidare innover Moltudalen og til Mørkevatnet. Du går vegen frå parkeringa svakt opp mot krysset der Kvilehytta ligg. Her er det råd å kose seg med bøker og spel og du kan nyte lyset og utsikta innefrå- eller utanfrå hytta. Frå bommen ved hytta går turen vidare mot Mørkevatnet først på grusveg, opp ei kort bratt oppstigning før vegen går slakt innover til Mørkevatnet. Total stigning på turen ca 150 m, lengde 2,70 km ein veg. Vinterstid kan vegen vere brøyta då Mørkevatnet er drikkevatnskjelde, men elles er det fint på ski innover vegen. Om det er tilstrekkeleg med snø er det fint også gå langs vegen på nordsida og kan vere eit godt utgangspunkt for andre ski-og trugeturar i området. 

Tilkomst og parkering

Parkering på Kvia/parkeringplassen på fjellet skilta med P-skiltet turparkering.

Fottur
Grønn
Lengde
5,48 km en vei
Stigning
148 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
311 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 4,90

Kart

Turkart
Køyreskildring
Print ut