Midtfløhornet har kanskje den flottaste utsikta på Hareidlandet
Frå bommen på Midtflø, går turen omlag 700 meter oppover gardsvegen mot Brørevatnet. Her tek ein til venstre ( skilt ) opp grasbakkane til skogen. Råsa går bratt opp langs skogskanten til Midtfløhornet. Denne delen av turen er til tider svært bratt og luftig. Utsikta frå Midtfløhornet er fantastisk! Frå Midtfløhornet går turen vidare til Veten. Her finn ein ein lite "varde"/ ringmur i stein. Utsikta frå Veten er også flott, m.a. nordover øyane og til Ålesund. Turen går så vidare i lett turterreng til Smørkinna, til foten av Sneldelia og til gardsvegen ved Brørevatnet. Frå Brørevatnet går turen tilbake til utgangspunktet ved bommen på Midtflø.Turen tek omlag 2 - 3 timar.