Midtbustsætra er ei lita, koseleg sæter med eit gammalt, men godt ivareteke sel. Det er relativt bratt frå bygda og opp, men aldri luftig, for den som evt synes det er litt nifst. Frå Midtbustsætra, eller "Mæbustsætra" som rett uttale er, kan ein gå vidare mot vest og kome til eit anna turmål, nemleg Varden, men då må ein plusse på ein time til.
Start frå Stordal skule (denne ligg tett attmed Fv 650). Kryss vegen over fotgjengarfeltet og gå mot venstre. Ved postkassestativ like etter, tar du til høgre og fyl vegen mot Vinjehjellane bustadfelt, ca 1 km, til du kjem til skiltet merka Grigås natursti. Her går du inn i gjerdet, held mot høgre og rett opp ei bratt stigning til dei øvste husa i bustadfeltet. God rås vidare mot høgre og inn i skogen. Her kan det gå dyr på beite så hugs å late att grindene. Ein passerer her også tuftene av ein gammal sommarfjøs. Det er framleis litt stigning, men så flatar råsa litt ut igjen. Her finn ein kassa til Grigås natursti (som også er eit turmål i Stikk UT! 2021). Vidare går ein over nokre bekkar og kjem etter kvart opp på ein skogsveg. Her går ein rett over denne og finn rås på andre sida. Her går råsa bratt oppover til ein kjem til eit skilje ved ei gammal steinbru. Ein skal IKKJE gå over brua, men fylje råsa vidare oppover (fortsatt på venstre side av elva), derifrå er det lett terreng opp til selet på Midtbustætra, der også turkassa er plassert.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2,4 |