Middagsfjellet/Øyanibba har flott utsikt mot Hornindalsvatnet. Ved toppvarden er det eit lite, idyllisk vatn. Toppen er topp nr.1 i fjelløpet "Hornindal rundt"
Turen går først på den Trondhjemske postvei i om lag 1,6 km. Like etter Kjøsahalsen tek du av på ein eldre skogsveg opp til venstre. Det er skilta. Her går det nokså bratt oppover til Kongsviksætra og Svorasætra i 400 m høgde, først på den eldre skogsvegen og etterkvart på sti. Det er også litt bratt det først stykket etter setrane, men det blir slakkare etterkvart, og då går det jamnt oppover til topps. På toppen er det eit lite, koselig vatn og det er fint å sitte ved toppvarden. Gå gjerne over på motsatt side av vatnet. Då får du flott utsikt ned mot Kjøs, mot Markane og mot Hornindalsvatnet
Stien er tydeleg og god, og i skogen er det godt med blåbærlyng. Du kan finne litt drikke undervegs, men det er nok lurt å ta med noko drikke. Dei kvite merka viser veg til løparane i Hornindal rundt.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 3 |
Sti | 7 |