Melshornet er nok det mest besøkte turmålet i Volda/Ørsta. Hit kan ein gå både sommar og vinter. Det er lett tilgjengelig og har fleire utgangspunkt. Denne ruta er ei ny rute som er godt merka heilt i frå Klatrevegen. Utsikt frå Melshornet er super!
NB: Det er enno ein del snø på denne turen, og det vil truleg vere krevande å gå denne utan truger eller ski i nokre veker fram mot juni.
Start ved parkeringsplassen i enden av Klatrevegen. Skilt og merking viser veg. Etter eit lite stykke kryssar du skogsvegen som går mellom skisenteret og høgdebassenget. Skilt viser veg vidare. Ruta er merka heile vegen til topps både med skilt, merkepinnar som heng i trea og pålar som er slått ned i bakken. Stien er også tydeleg. Du må rekne med nokre våte område særleg i den nedre delen av turen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 6 |