English

Melshornet frå Håmyra

Volda

Kort om turen

Melshornet er ein svært populær skitur. Dei fleste går frå Volda skisenteret eller frå Krøvelseidet. Denne ruta er ein fin variant. Litt lenger og litt meir variert. Ein fordel også at det er kort veg til start frå store delar av tettstaden Volda. Mange kan faktisk ta på skia ved ytterdøra. Turen passar godt både for fjellski og randonee/telemark.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følger du skogsvegen opp til Dinglavatnet. Ein knapp km etter start kjem du til den populære Panoramavegen. Om du vil, kan du ta ei alternativ rute her: Følg Panoramavegen ca. 300 m og ta til venstre opp ein eldre skogsveg (skilta). Ei litt kortare, men brattare rute. Du kjem inn på vegen att i svingen nedanfor Dinglavatnet.

Like før Dinglavatnet tek du av til høgre mot Melshornet. Snøtilhøva avgjer rutevalget. Eit anna ruteval kan vere forbi Turnhytta, om lag 400 m tidlegare på vegen (skilt).

På returen er det også snøtilhøva som avgjer rutevalet. Du kan enten ta ei rute slik at du følger ryggen ved Dinglavatnet, eller du kan følge dalen ned mot Turnhytta. Når du kjem ned att på skogsvegen, følger du denne ned att. Ta omsyn til andre turgåarar. 

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum, køyr E39 retning Stryn. Ved rundkøyringa like etter Volda Campus arena, køyrer du rett farm mot Vikebygda. Ta av første veg til venstre (Heltnevegen) og følg denne til endes og vidare på Raudemyrvegen. Start ved P-plass øvst i Raudemyrvegen, like før du kjem til Håmyra bustadfelt. Her er plass til i alle fall 10 bilar.
Skitur
Rød Løype
Lengde
9,67 km rundtur
Stigning
0 m
Tidsbruk
3,5 t
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
809 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Svært mange treng ikkje bil for å kome til start. Det går også fint å starte frå andre plassar enn Håmyra, t.d. frå enden av Bjørkevegen på Klepp. Gå forbi Grinda og du kjem til skogsvegen etter 6-700 m. Buss frå Volda rutebilstasjon til Raudemyrvegen (frammr.no)

Anna

Undervegs passerer du Prestesætra med Prestesæterhuken. Denne kan vere eit turmål i seg sjølv, eller ein fin stopp på vegen. Eit alternativ til Melshornet er å tavestover/til venstre ved Dinglavatnet og ta turen til Vardehornet. Også eit flott ustiktspunkt og turmål.

Kart

norgeskart.no, Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut