English

Melshorn frå Ulset til Overå

Hareid

Kort om turen

Turen til Melshornet og vidare er en flott tur utan vanskelege parti og med moderat stigning. Turen startar på skogsveg og går over på brei og godt synleg rås. Siste delen opp mot toppen går vi i ut og stein. Turen ned Litlehornet og Ovranakken kan ha våte parti. Her må ein ha bil ved start og endeplass.

Ruteskildring

Turen starter ved parkeringsplassen på Ulset. Første strekninga er på skogsveg som er merka. Så går det over til brei og god rås resten av turen som oftast er tørr og fin, men det kan vere nokre våte parti. I begynnelsen går vi i åpent landskap med litt lauvskog og furuskog. Men det er berre i begynnelsen. Dette er en tur som mange lokale er veldig glad i og ein møter ofte folk her. Råsa går vidare langs ryggen og den er tørr og med vakker utsikt heile vegen. Både mot Snipsøyrdalen, Hjørungavåg, Vartdalsfjorden og mot Bigset. Det er ingen vakselige parti og har moderat stigning. Det er ikkje sittevenkar langs råsa, men mange fine berg og steinar å ta en liten pust i bakken og nyte utsikta. Siste del av råsa opp mot toppen går i ur og stein. Oppe på Melshorn er det ein stor varde og ei stor sikteskive som viser alle fjella rund om. Melshornet er 669 moh og blir ofte kalla for kongen av Hareidsfjella. Det høgste fjellet i Hareid kommune, og på Hareidlandet/øya er det berre Blåtinden med sine 697 moh som ragar høgare. Kvart år ved pinsehøgtid blir det hold gudstjeneste her og det er mange som tar seg ein fjelltur denne dagen. Om du står på toppen ved varden og ser ned mot Hjørungavågsida (ca 30 m ned i bakken), så ser ein at det er laga til som ei alterbord der. Dette er en utsiktstur med panoramautsikt alle vegar så langt auga kan sjå. God tur og ny fjellgleda.

Når du kjem ned ved Ovranakken, går du til steinbråtet i Ovrasvingane på gamlevegen, der du har parket bil nr 2, eller avtalt henting. Ved steinbråtet er det plass til 2-3 bilar.

Tilkomst og parkering

Start i Hareid sentrum og kjør mot Hjørungavåg. Følg hovedvegen gjennom Hjørungavåg og vidare rett fram på hovedveg som er skilta mot Ulset. Kjør forbi skytterhuset og skytebana på høgre side, til du kjem til ein raud fjøs (gardsbruk). På høgre side av vegen er det parkeringsplass til ca 5 bilar. Rett ved parkeringsplassen er det ein skogsveg med bom og dette er starten på turen. Godt skilta mot Melshornet. Her står også ei info-tavle med kart og luftfoto av turområdet og beskrivelse av turen.
Fottur
Rød
Lengde
6,68 km en vei
Stigning
556 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
668 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,6
Sti 6
Køyreskildring
Print ut