English

Mauren frå Nørvasundet

Ålesund

Kort om turen

Padletur frå Nørvasundet forbi dei statleg sikra områda Svinøya og Vikholmen. Mauren er statleg sikra og tilrettelagt med  toalett og parkeringsplass. Området har ei opa mark som er eigna til telting og skog. Det er flotte svaberg å fiske frå i Taftasundet. Eit område ved sjøen er naturist strand.

Denne delen av Ellingsøyfjorden har fleire øyar som gir mange moglegheiter for ulike rutealternativ og opplevingar. Padleruta er gradert rød på grunn av lengde (+20 km)

Ruteskildring

Padle ut og rundt småbåthamna og mot Gåseidholmane. Der setter du kursen nordover og kryssar over sundet mot Larsgården. Padle austover vidare langs land til du kjem til neset og ser Svinøya og Svinøyholmane. Sett kursen mot sørsida av Svinøyholmane og kryss fjorden. Her kryssar du skipsleia for nyttetransport til mellom anna Breivika/Olsvika. Når du passerer Svinøyholmen padlar du vidare langs øya til du nærar deg Sommarneset. Der kryssar du over til sørsida av Kalven, ei mindre øy, før du fortsetter vidare langs sørsida av Lille Kalvøya. Når du kjem lengst aust på Lille Kalvøya ser du Vikholmen i nord-aust og Langøya med to mindre øyer, Kavringen og Fangstholmen, i aust. Kryss rett austover og padle langs sørsida av Langøya. På austsida av Langøya kryssar du eit lite sund over til Årsetneset på Ellingsøya. Fortsett austover langs land til du ser brua over Taftasundet. Det er periodevis sterk tidevasstraum i Taftasundet. Kryss forbi Roteflua til Maurholmen også nordaustover til Maurneset og sikt inn mot eit einsleg naust. Støa og naustet er privat, men resten av området er statleg sikra. Gjer vel og legg kajakkane utanom det private området.

Mellom Nørvasundet og Mauren ligg øyane Svinøya og Vikholmen som begge er statleg sikra og tilrettelagt med toalett, grillplass og gjestebrygger. Områda kan vere verdt ein stopp, eller som alternativ overnattingsplass.

Tilkomst og parkering

Parkering og sjøsetting ved Gåseidet småbåthamn. Du kan køyre inn på hamneområdet og sette av kajakk og utstyr. Men gjer vel og nytt parkeringsareal på utsida av hamneområdet (før undergangen under hovudvegen).

Padletur
Rød
Lengde
13,14 km en vei
Tidsbruk
6 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Lengre padletur i Ellingsøyfjorden i overgangen mellom delvis skjerma område og opnare fjord eksponert for vest og nordvest. Forholda kan difor fort endre seg i forhold til vind og sjø. Annan båttrafikk på påreknast. Padleleden kryssar småbåttrafikk til o
Køyreskildring
Print ut