English

Mannen

Haram

Kort om turen

Flott turløype i skog og fjell. Turen kan gi fine utsiktspunkt over Austnes, Lepsøya, Haram og Ulla viss du legg inn avstikkarar ut mot kanten. Spesielt fin utsikt til Ullahammaren, Ullasundbrua og Ullafyr. Ein tur innom Krigsminne på Hestevollane er også fint. Der styrta eit fly under 2. verdenskrig.

 

Ruteskildring

Fra Ulla kan ein ta av inn på rås ved skiltet Røra, råsa følger langs fjellkanten og snor seg via Nova og Hestevollane. Her har ein utsikt utover havet. Ved Minnesmerket kan ein fortsette på rås over til Haramsida eller du kan følgje fjellvegen mot toppen. Når ein starter fra Ulla, anbefales det å legge turen innom Ullahornet og nyte den vakre utsikt ned mot Ullahammeren. 

Det er ofte mulig å få sjå både ravn og ørn på denne turen. På dagar med vind, likar ravnen å leike seg på oppadgåande luftstrømmer langs fjellkanten.  Sit ein stille på toppen kan ein kome ganske nærme. Langs fjellkanten ovanfor Lia (ut mot havet) er det mykje ørn å sjå. 

Fra Haram kan ein gå fjellveg med innslag av rås. Kan anbefales å følge rås, spesielt på siste del av turen. Der råsa følger fjellkanten får du utsikt mot Lepsøy og Sunnmørsalpane kan nytast.  PS: 

Pga anleggsarbeid på Haramsøya og Mannen gjeld forbod mot ferdsel når det er anleggsverksemd:

Mandag: kl 1130 -1900, tysdag: kl 0700-1900, onsdag: kl 0700-1900 og torsdag kl 0700 – 1500. 

Det vil seie at fjellet er tilgjengeleg ein stor del av den tida folk flest er fri frå arbeid og skule.

Tilkomst og parkering

Ta ferga frå Skjeltene til Haramsøya. Du kan parkere på Ulla, ved avkjøring til Ullahammaren.

Fottur
Blå
Lengde
4,05 km en vei
Stigning
371 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
332 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 1

Kart

Ålesund

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut