English

Madsvarden i Eresfjord

Molde

Kort om turen

Madsvarden i Eresfjord, ca 955 moh, ligger på den første ryggen du rundar på stien frå Kanndalen og opp til Skjorta.

 

Ruteskildring

Frå Kanndalen, følg samme sti som til Skjorta. Du starter 400 moh. Madsvarden ligger på 955 moh. Det er god, og godt synleg sti heile vegen. Dei første 200 meter med stigning er litt bratt. Deretter går stien litt slakkare skrått oppover.Første del opp gjennom skogen kan vere stedvis blaut.

Madsvarden er den største og øverste du ser etter at du rundar «kanten» eller ryggen. Her deler stien seg, du tar av opp til venstre mot ein liten steinvarde.

Frå Madsvarden må du gjerne gå vidare til toppen av Skjorta. Følg tråkk og små steinvardar heilt til topps 1711 moh.

Omlag 200 høgdemeter nedom Madsvarden, ligg det restar etter ein gamal seterstøl, kallla Hølå / Kringlethølå. Det er berre murane som står att. Dit kjem du ved å gå rett fram ved det før omtalte sti-skillet. Retninga er markert med 3 blå merker. Deretter følgjer du blåmerka sti ganske flatt bortover. Etter eit stykkje skrår stien nedover gjennom nokre områder med lav krattskog. Du kjem no ned til Hølå / Kringlethølå. Ein fin og åpen setervoll med god utsikt over Eresfjord. 

Tilkomst og parkering

Køyr til Eresfjord og følg Syltebøvegen (austsida av bygda) til kryss med skilt til Grandsetra.Ta av her og følg denne vegen, Kanndalsvegen, beint fram i 6 km forbi Bjørbakken og Grandsetra og fram til setergrenda Kanndalen. Her tar du første stikkveg ned til høgre. Parkering i området ved den første hytta ca 400 moh. Kanndalsvegen er bomveg. Husk kontanter kr.50- Eller bruk VIPPS til 666634. Husk også å ha igjen dei to grindene på denne setervegen.

Fottur
Blå
Lengde
2,32 km en vei
Stigning
509 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
950 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Om Madsvarden Det blir fortald at det er Mads Frisvoll som har bygd den store varden du passerer på veg til Skjorta, oppe på kanten eller ryggen du rundar når du går opp frå Kanndalen. Dermed også namnet Madsvarden. Mads heitte eigentleg Mads Skorgen (f. 24/12-1821). Og flakka litt rundt både på Vike og i Eikesdal før han slo seg ned som husmann på Frisvoll i Eresfjord. Som gjetar ved seterstølen Hølå, brukte han ledige stunder til å bygge varder. Ein av dei er den store Madsvarden.

Kart

Norge-serien 10078

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant kr. 50,- eller VIPPS til 666634
Køyreskildring
Print ut