Variert og fin sporlagt og trakka løype for både klassisk og skøyting.
Løypa er ein del av eit skianlegg som også har skitrekk/alpinanlegg, skiskytarstadion og fleire turløyper.
Løypa har start frå skistadion i austenden av parkeringsplassen ved Volda skisenter. Du kan også starte ved skiskytarstadion i sørvestenden av parkeringsplassen. Eit anna alternativ er å starte ved Helgatun. Då kjem du inn på den austlegaste delen av løypa ca 500 m opp i bakken frå Helgatun. Følg skilt mot Skisenteret og Melshornet ved Helgatun.
Frå skistadion følger du løypa austover helt til endes. Når du går tilbake, velger du nederste løype nesten tilbake til skistadion. Gå over brua som går over tilkomstvegen til skisenteret, følg løypa rett fram og så i sløyfe forbi skiskytarstadion. Løypa gir seg sjølv, men du kan korte den eit par plassar undervegs,- sjå oppslag på veggen ved skistadion.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 3,7 |