Lysløypa er bygd for heilårsbruk. Stikk ut posten finn du innst i lysløypa ved bommen til skogsvegen til Kleppefurene. I sommarhalvåret kan ein bruke løypa både til fots, med vogn og på sykkel. Det er utplassert benkar og laga bålplassar fleire stadar i løypa.
Turen startar på 150 moh ved parkeringa til Lysløypa på Leikongeidet, og grusvegen slyngar seg gjennom det lett kuperte landskapet. Hovudtraseen med lys går i 2 sløyfer, totalt 3 km. Lysa er på frå det blir mørkt, til kl 23 kvar dag.
Lysløypa på Leikong går gjennom lett terreng, delvis gjennom ein urskog av furu. Det er ein god grusveg å gå på, og kjekk oppleving for dei som har to eller fire hjul. Fin utsikt mot Sunnmørsalpane, Eika og Rovdefjorden.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 2,7 |