Løypa startar v. klubbhuset til Engesetdal. Løypa er 2,3 km lang og går for det meste i skog. Integrert i løypa er det opparbeidd skileikbakke med hopp, orgeltramp, slalåm og klokkeløype. Også egna til aking. Opparbeidde rasteplassar med bålplass ved skileikbakken og halvvegs i løypa. Løypa er variert med flater, slakke og bratte bakkar.
Løypa har start og mål same stad. Første del er forholdsvis flat. Deretter går den oppover avbroten av korte flater og slak utforkjøring. Her passerer løypa skileikbakken med hopp, orgeltramp, slalåm, klokkeløype og akebakke. Der er også rasteplass og bålplass. Frå skileikbakken går den bratt oppover til løypas høgste punkt for så å gå bratt nedover igjen. Her blir det stor fart. Utforbakken endar i ein sving som går over i eit flatare parti som igjen går over i meir småkupert terreng til vendepunktet. Der er det tillaga rasteplass. Tilbake går løypa delvis i same traseen som utover ,(ca. 400m) før det ber utforbakke. Her kan det bli stor fart. Siste100m er ein slakk motbakke.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 2,15 |