English

Lyngesætra i Barstadvik

Ørsta

Kort om turen

Fin fottur vår, somar og haust med flott utsikt frå Lyngesætra. God rås heile vegen som er godt merka med raude skilt. Ein litt krevjande tur, då den har eit litt stigande terreng. Nokre delar av stien kan være litt sleipt eller vått, så bruk gode sko.


Ruteskildring

Turen startar på asfalt, men i sjølve stigninga er det berre terreng og rås.

Gå frå parkeringsplassen ved Olav`s Plass mot byggefeltet i Barstadvik (Bergane).
Her kjem du først til nedre del av byggefeltet Bergane.Ta av til venstre opp mot øvre del i byggefeltet.
Gå heilt til enden av gata. Her vil du finne ei trapp som går til øverste del av byggefeltet. Følg trappa og vidare opp mot øverste felt. Her vil du finne raude skilt merka med Stikk UT.
Øverste feltet fører vidare til ein liten skogsveg vidare mot stigninga til Lyngesætra. Etter at du har passert ein liten skogsveg, ser du tydelig StikkUT skiltet. Her startar stigninga oppover. Du kjem til skilting «Gjeiteråsa» vidare til «Tausabråtå» og siste «Kvilesteinen». Kvilesteinen er ca halvvegs på turen.

Like før du er ved turkassa, må du trakke over ein løypestreng som kryssar råsa. Denne løypestrengen vart brukt i «gamledagar» for å sende fersk mjølk frå dyra og gras tilbake til garden.

På Lyngesætra står murane att frå ein gamal sommarfjøs. Her er det flott utsikt og fint å sitje.

Tilkomst og parkering

Parker ved Barstadvik skule eller Olav`s plass. Begge plassane ligg synleg og midt i sentrum av Barstadvik.
Fottur
Grønn
Lengde
3,58 km tur/retur
Stigning
242 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
252 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Timesekspressen rute 101 frå Ørsta eller frå Ålesund. Bussen går kvar time begge retningar.
Køyreskildring
Print ut