English

Lomstjørna ved Harøyburet

Ålesund

Kort om turen

Turmålet er lett tilgjengeleg med grusveg og gruslagt sti. 

Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre. 

Ruteskildring

Frå Møteplassen/gravstedet ved Breidalen går ein ca 300 meter bort til ein grusveg merka med Stikk UT! skilt. Hald til venstre og følg vegen opp til "fjellkanten" Breidalsaksla, og følg den flotte gruslagte stien heilt opp til Lomstjørna. Ved turmålet er det eit vatn og ein sitjebenk. Om føret tillet det kan du gå stien heilt opp til Harøyburet. 

Tilkomst og parkering

Det er ikkje opparbeida parkeringsplass ved turmålet. Vi ber folk om å ta omsyn- gå eller sykle gjerne til startpunktet for turen. Det er mogleg for 5-6 bilar å parkere sør for Møteplassen, den grusa delen som ikkje er asfaltert. Parker på ein slik måte at du ikkje hindrar trafikken på staden.

Fottur
Grønn
Lengde
4,31 km rundtur
Stigning
131 m
Tidsbruk
1 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
118 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 4,0

Offentleg transport

For å kome seg til Harøya kan ein ta ferje frå Småge til Finnøy:https://frammr.no/ferje Kjem du frå Ålesund området, kan du køyre Nordøyvegen med buss eller eigen bil. Sjå https://www.frammr.no/ for kollektiv transport. Sjekk https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/vegprosjekt/fv.-659-nordoeyvegen/bompengar for informasjon om bompengar på Fv. 659 Nordøyvegen.
Køyreskildring
Print ut