Fin, men bratt tur på 2 km til stølsområdet Løsetnakken.
Der finn du turkasse på løe nedst på stølen.Dersom du vil gå litt lengre, kan du sjå etter ei rås øvst og til venstre på stølen. Den går til ein stad som blir kalla Orreberget, der har du fin utsikt til blant anna Mosætra. Råsa til Orreberget er ikkje merka, men lett å finne. Du brukar om lag ein halv time tur/retur på denne ekstraturen.
Ruteskildring
Bratt tur på grusa traktorveg nesten fram til Løsetnakken. 220 høgdemeter frå start. Øvst på traktorvegen tar du av til høgre og går om lag 100 meter på merka sti til Løsetnakken.Ved nedbør kan det vere våte parti på traktorvegen.
Tilkomst og parkering
Frå Stordal sentrum køyrer du mot Valldal. Etter omlag 5 km passerer du krysset til Overøye og fortsett om lag 1,6 km til du har passert Løset. Avkøyring til venstre.
Ved start er det parkering for nokre bilar.