Turen går i fint turterreng etter veg og skogsveg. Du passerer gran og furuskog og etterkvart opnare lauvskog. Området er ein del av det varig verna området langs Solnørvassdraget. Turen er ein del av det store ski - løypenettet rundt Svartløken.
Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 m.o.h. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1km, er resten av turen lettare. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Snart går vegen over i skogsveg. Her skal du fortsette rett fram forbi Liahuken på småsvinget veg før du går opp ein lang, slak motbakke og vegen flatar ut. Her finn du ein rasteplass på venstre side som er turmålet på Løklivegen. Viss du vil fortsette lenger framover, vil du snart kome til eit kryss der du kan ta av mot Osen bru og Skodjesida. Vidare vil du passere hytteområdet på Svartløken og gå vidare opp til Fjellstova.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 4,5 |
Sti | 4 |