English

Ljøsådalsvatnet

Ørsta

Kort om turen

Ein fin tur i variert terreng som starter med litt motbakke, for så å flate ut for så å ha en liten stigning mot slutten av turen. Fin som familietur eller som en kveldstur. Turen går gjennom en liten skog kor born kan klatre og spise blåbær på sensommaren. Ved turmålet Ljøsådalsvatnet kan ein ta seg en frisk dukkert.

Ruteskildring

Følg skiltinga opp mellom hyttene og ta så inn på råsa mot venstre. Hold til venstre heile vegen til du kjem ut av skogen og du har nådd turmålet Ljøsådalsvatnet 588 m.o.h.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum følg Dalevegen mot Sæbø. Ta av i krysset merka Mosmarkvegen. Her kjøre du forbi en kyrkjegard etter denne tek du neste veg mot venstre merket Mosetra/Setrevegen. Følg skogsbilvegen i 5,3 km til du når Mosetra. Dette er ein bomveg så husk å betale. Du kan betale med kontanter eller via vipps. Du kan parkere på parkeringsplassen på Mosetra. På sommaren er det dyr i utmarka, så husk å lukke grinda når du har passert.
Fottur
Blå
Lengde
2,5 km en vei
Stigning
257 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
587 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,1

Anna

Mosetra er ei gammel seter frå 1600-talet med ein setervoll på kvar side av elva, med Mosetra på austsida av elva. Framover Langedalen er det store frodige grassletter. Rundt 1910 var det 260 storfe på beite her om sommaren. No er det ikkje storfe her lenger, men det er nokre hundre sauer på beite

Kart

Betalingsmiddel for bomvei

Ein må betale bompengar for å køyre setrevegen opp til Mosetra. Prisen er kr 50,- for bil og traktor, kr 20,- for moped/motorsykkel/moped eller ATV.
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON