English

Litlevatnet i Stordal

Fjord

Kort om turen

Målet ligg i storslått natur ca 6 km frå Langsætrane i Stordal. I tillegg til idylliske Litlevatnet, med gapahuk og bålplass, er det å oppleve Langsætrane i seg sjølv verdt turen. På veg til turmålet passerer ein også den gåtefulle Trollkyrkjegarden. Det er mange andre flotte turmål i området og det er også kort veg over til Bøstølen (Innfjorden).

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Kvitlebrua, fyl ein grusvegen oppover stølen. Etter omlag 300 meter deler grusvegen seg. Der held ein til venstre. Etter omlag 300 meter til, kjem ein brua som går over til den andre stølen. Her sluttar også grusvegen. Ein skal IKKJE over brua, men følge stien som går langsmed elva på høgre side. Denne stien går også til Storvatnet og vidare til m.a. Valldal. MEN for å kome til Litlevatnet, tek ein av 90 grader til venstre, når ein kjem på høgde med Fokhaugstova. Det er godt skilta og dermed greit å finne. Stien går her ned til elva, der det er flott bru. Etter å ha kryssa elva går stien vidare på baksida/oppsida av Fokhaugtstova (tidlegare turisthytte ÅST) og innover mot Elvabytet. (Like før Elvabytet ligg den gåtefulle Trollkyrkjegarden på høgre side). I Elvabytet går ein over "brua" som Stordal Fjellservice nyttar til løypelegging. Ein fyl så elva (Litlevasselva) vidare innover - på høgre side - heilt til ein kjem fram til Litlevatnet. Terrenget her kan vere noko våtsamt, spesielt i periodar med mykje nedbør. Kodelappen finn ein i gapahuken.

Vel framme ved vatnet og gapahuken er det berre å nyte. Det er også kome på plass eigen utedo like ved. Men som alltid også elles, er det viktig å ha fokus på at ein ikkje skal gjere skade på naturen og alt ein har med seg fram til vatnet, tek ein også med seg tilbake. 

PS! På Kvitlane og Pusken finn ein framleis særeigne sel frå den tida det var full sætredrift her. Det var i si tid heile 40 gardar som dreiv sætredrift på dei to stølane, noko som skal vere det meste for heile Vestlandet. 

 

Tilkomst og parkering

For å kome til Langsætrane og då Kvitlebrua, må ein ta av frå Fv 650 på Mo/Vad i Stordal. Det er skilta til Overøye ved Vad bru og ein svingar då inn på Fv 101 (5934). Etter at ein har teke av her, er det om lag 9 km til Puskebrua. Ein passerer etterkvart Arena Overøye (alpinanlegg) på venstre side. Like før ein er framme, deler vegen seg. Ein skal då svinge av til høgre retning Kvitlane. Rett etter brua er det god plass til å parkere på høgre side av vegen.

Fottur
Blå
Lengde
6,80 km en vei
Stigning
248 m
Tidsbruk
4 t. 5 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
580 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,6
Sti 6,2

Offentleg transport

Det går ikkje offentleg transport lengre enn til Moe, så dette er (nok) ein tur ein er avhengig av bil for å gjennomføre. Om ein likevel vel offentleg transport ( https://www.frammr.no/ ), vert denne turen 2 mil lengre. Ein parkerer då evt ved Mo bedehus, om lag der ein tek av retning Overøye.

Anna

Lokalhistorikar Kristian Almås skreiv om den gåtefulle Trollkyrkjegarden i Sunnmørsposten i 2008. Det kan vere kjekt å lese dette før ein legg i veg. https://www.smp.no/meninger/article146972.ece Stordal Sogelag har lagt ned eit imponerande arbeid i høve til å få samla og formidla kulturhistorisk stoff om både Langsætrane og området rundt. Ein del hugsar nok også NRK sin produksjon kalla "Den store hesteferda" (2004) der Trollkyrkjegarden og området elles var omtala.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut