Dette er ein tur til ein vakker, men ikkje så besøkt fjelldal i Ørsta kommune. Den blir òg kalla Ekkodalen. Under Naturfestivalen har her tidlegare vore Ekkokonsert.
Frå Parkeringa ved Melbøsætra og Barstadsætra følgjer du skilting mot Litledalsvatnet. Råsa er merka og går lang Barstadelva som renn frå Storevatnet i Barstaddalen. Vidare langs Langrabben der råsa går i ein boge i retning Klovevatnet og til sist Litledalsvatnet. Alternativ ruter via Klovevatnet eller frå Barstaddalen der ein då kryssar heile dalen og kjem inn på råsa som går direkte i Litledalsvatnet.
Parkering på Barstadsætra eller Melbøsætra