English

Lisjevatnet, Mosvatnet og Sarshornet frå Ulsteindalen

Ulstein

Kort om turen

Turen går på skogsveg opp til Mosvatnet, og er veldig godt tilrettelagt med mange rasteplassar. Turen går vidare på rås til Sarshornet og ned til Lisjevatnet igjen. I starten går du oppover Ulsteindalen og det er skog og kratt rundt, men etter berre 1 km er resten av turen i åpent fjell-landskap. Flott også for sykkelturar.

Ruteskildring

Frå kraftverket går det merka skogsveg oppover en litt trang dal. Men etter kort tid åpnar landskapet seg og turen er åpen og fin på skogsveg. Når du kjem til demninga ved Lisjevatnet, tar du av mot høgre på tursti og følger denne stien til stikryss. Her er det satt opp gapahuk der det er lagt til rette med benkar og grillplass. Ein fin stopp på turen. Så går turen vidare på merka sti opp til Mosvatnet. Og her er det og fint å ta ei pause og nyte naturen. Råsa går så til venstre ved Mosvatnet. Merka med skilt mot Sarshornet. Flott og vakker natur. Når du har gått over Sarshornet, går det rås ned til Lisjevatnet igjen på baksida av vatnet. Denne råsa er noko grodd på sommartid, så følg med kor du går. Om du kjem ut av råsa, er det lett å sjå kvar du skal gå uansett :) Gå ned mot hyttene som er der, og råsa går langs vatnet og ned til demninga i nedre del av Lisjevatnet. Så går turstien ned Ulsteindalen til bake til startpunktet.

Denne turen har mange fine turmuligheter, og mange skilta turar som kryssar denne turen.
Så her er det bare å starte planlegging av neste tur også :)

Tilkomst og parkering

Kjør frå Ulstein sentrum, mot Flø. Når du kjem til Ulstein, tar du av fra hovedvegen ca 100 m før du kjem til gamle Ulstein skule. På nedsida av vegen ligg Ulstein småbåthavn. Fortsett så oppover grusveien til kraftverket. Her er det parkeringsplass med plass til mange bilar. Her startar turen.
Fottur
Rød
Lengde
9,53 km en vei
Stigning
469 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
540 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 12
Sti 7
Køyreskildring
Print ut