English

Lisjevass-sætra på Skorge

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein fin tur til Lisjevass-sætra på Skorge. Turen går langs Skorgeeleva i variert terreng. Det varierer mellom god sti og traktorveg heile vegen. Dette gjer det også til ein fin og spennande tur for barneføtter. Turen har litt stigning men også flate parti undervegs. 

Ruteskildring

Turen er merka til Gorgehornet. Lisjevass-sætra er same veg, men omlag halve turen.

Frå turparkeringa kryssar du fylkesvegen og går forbi det første huset og tek til venstre opp marka og mot gjerde. Følg gjerdet og dei blå merkepinnane gjennom skogen så kjem du inn på ei sti/gammal ferdseslåre. Følg denne langs Skorgeelva til du kjem til steinar der du kan krysse elva. På andre sida av elva fortset du på stien/traktorvegen. Det er flate partier langs turen før det vert ei lita stigning igjen. Følg stien langs vatnet til motsett sida av vatnet, der du kjem fram til Lisjevass-sætra.

Turen er godt merka med blå pinnar eller maling. 

Tilkomst og parkering

På Åheim tek ein av mot Stadlandet/Selje på Fv 620. Turen startar på Skorge, like ved fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Vestland fylke. Parkering på den mindre avkøyrsla på nedsida av Fv.620, omlag 5,5 km frå Åheim sentrum. Det er ikkje lov å parkere på "storesnua" som ligg på oppsida av vegen.
Fottur
Grønn
Lengde
2,24 km en vei
Stigning
241 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
236 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut