English

LisjeToren

Volda

Kort om turen

LisjeToren er omtalt som det vakraste fjellet i Volda. Når ein kjem frå Bjørkedalen og opp i Laurdalen, møter ein austsida av dette majestetiske fjellet inne i dalen. Turen opp er likevel langt meir overkomeleg enn ein først får inntrykk av. Fleire av dei særmerkte fjella her inne i Laurdalen har namn etter norrøne gudar, som dei einaste i landet.

Ruteskildring

Frå startpunktet på vegenden (488 moh) går ein enkel traktorveg raskt over i sti. Etter om lag 300m deler stien seg; her går ein enten mot Felden eller mot LisjeToren. Rett etter stidelet må du krysse Laurdalselva, og alt etter vassføringa kan ein rekne med å måtte vade eller hoppe på stein. Frå elva går stien vekselvis over myr og gjennom bjørkeskog ca 500m oppover mot fjellet. Straks ein er oppom fjellbjørkeskogen, følger ein stien i fast og godt underlag opp i Mjeltefjelldalen. Dette er ei fin perle av ein plass, der elva renn i lange svingar rundt grøne grasmarker. Somme går ikkje ruta inn i dalen, men følger nordsida av fjellet vidare på skrå oppover. Dette gir jamnare stigning, men terrenget er sidebratt og snøen ligg lenge utover sommaren. Går ein i staden flatt inn i botnen på Mjeltefjelldalen, vinklar ein sørover opp ein nokså steinete og bratt bakke til ein kjem opp på platået på baksida av LisjeToren. Denne baksida er steinur som stadvis er noko laus. Det er lengst nord på ryggen du finn den beste traseen opp til toppen. Toppen er 1164 moh, og gir deg flott utsikt mot tidar, hav og brear.  

Ei alternativ rute til toppen går via Tordalen, på sørsida av LisjeToren. Det er skilta til ei ny bru over Laurdalselva, 200m før vegenden. Her vil det bli rydda sti gjennom bjørkekrattet opp i den dramatiske Tordalen, som ligg inneklemt mellom Store- og LisjeToren. Inne i botnen er der to stader ein kjem seg opp: anten lags elva eller på ei hylle heilt oppunder LisjeToren. Begge stadane er krevande å gå og lettast å finne når ein går oppover. 

Når ein er i Laurdalen, bør ein ta eit besøk innom den flotte Laurdalssetra. Den ligg 100 m nedom vegen, og dei eldste husa er frå 1600-talet. Nokre hus er tekne av fonna to gangar og står såleis no på sin tredje stad. Frå setra ser ein også LisjeToren frå si flottaste side. 

Tilkomst og parkering

Sving av Rv651 i Bjørkedalen ved skilt mot Haugen. Køyr Sagelvsvegen rett fram 400m til krysset, der den private Laurdalsvegen startar ved båtsamlingane. Her finn ein også bomkassa og betalingsinfo til vipps. Denne grusvegen følger du ca 3,9 km opp og innover i Laurdalen. Siste stykket av vegen forbi setra har noko enklare standard og er ikkje så eigna for dei lågaste bilane. Heilt inne på vegenden er der god plass å parkere, og her startar skiltinga av turen.
Fottur
Rød
Lengde
2,28 km en vei
Stigning
678 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1163 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller kontant
Køyreskildring
Print ut