English

Lisjebøra

Vanylven

Kort om turen

Lisjebøra ligg på sørsida av Børevatnet og nordsida av fjellet stuper rett nedi Børevatnet. Du får den mest spektakulære opplevinga dersom du går opp på austsida av Lisjebøra først, då får du verkeleg sjå kor bratt nordveggen er. Her ei fantastisk utsikt i alle retningar.

Ruteskildring

Turen startar på Fiskåbrauta, her fyljer ein skiltinga mot Lisjebøra, du går mot vest opp forbi ei hytte og svingar mot nord opp forbi murane på Blåsenborg. Råsa går vidare over myra i retning mot Lisjebøra. Etter myra kjem du til eit vegkryss, der fyljer du skiltinga beint fram mot Lisjebøra og kjem opp på austsida og fyljer kanten opp til toppen. Vis varsemd, det er bratt utføre her. 

Tilkomst og parkering

Frå fv 61 tek du av mot Fiskå og køyrer fv 2 ca 800m, her tek du til høgre i vegkryss og køyrer kommunevegen ca 950m, då tek du til venstre opp ein bomveg og køyrer denne til vegs ende (ca 2,2 km) då er du på Fiskåbrauta. Parker her. Stor innegjerda parkeringsplass på Fiskåbrauta. Bomveg.

Fottur
Blå
Lengde
1,79 km en vei
Stigning
337 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
705 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,17

Betalingsmiddel for bomvei

vipps
Køyreskildring
Print ut